ORDET

Høstmann i skogen

Kva hjelp det å syngje

som elv i det aude?

Kva hjelp det å kynge

med klokker for daude?

 

Kva hjelp det å skapa

all venleik i verda,

når Ordet lyt tapa

for svolten og sverda?

 

Slik undrast og spør vi

i modlause stunder.

Men hugse det bør vi:

Eit ord er eit under.

 

Dei gløymest dei gjæve,

og alt det dei gjorde.

Men livet er æve.

Og evig er Ordet.

 

 

Tor Jonsson 1953 i diktsamlinga Mogning i mørkret.

Leave a Reply

%d bloggers like this: