ETTER EIN RANGEL

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
-trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
-trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
-trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan,
-trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,
-trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffe medan drøset går om andelege ting,
-trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,
-trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
-trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,
og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
-trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,
-trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,
-trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrst
at eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
-trur eg.

Jacob Sande

Trykk her: Jon Eikemo Leser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *